Framside



Treungen Feriehus

Beste stoga
Treungen Feriehus / Tveitsund fisk og ferie; 
Eit godt alternativ til hytte. Gjestehus for ferie,langhelg eller bare overnatting.

Treungen feriehus, ligg i sørenden av Nisser i Nissedal kommune. 15 km frå Gautefall.

Huset inneheld stort kjøkken, koselege stover og nytt bad.

Det er 6 gode soverom, servant med kaldt og varmt  vatn.  Ei god ramme for ein vellukka ferie. Her er plass til å tilbringe ferien med storfamilien eller gode vener.

Huset kan leigast for ei veke, weekend eller bare overnatting.

Treungen feriehus er eit nostalgisk hus i sveitserstil, bygd i 1916 som eit av Treungen sine fyrste hotell.

Huset ligg nær Nisser, med fine sandstrender og gode bademogleghetar, egnar seg godt som base for fleire aktuelle ferieopplevingar i nærområdet.

  • Rusefiske
  • Bading i Nisser eller i Jettegrytene
  • Kanopadling
  • Fiske i Nisser, Nidelva eller på fjellet
  • Pipo Lekeland
  • Fjellklatring
  • Fjellturer langs merka løyper
 

Salongen